Midt i hjartet av hovudstaden
Opplev det beste av Oslo med byens opplevingar like utanfor døra!
Hotell Bondeheimen har vore ein del av Oslo i meir enn hundre år, og er framleis ein stad der historie og kvardagsliv møtest. Her har reisande, kunstnarar og byfolk funne vegen inn dørene, delt måltid i Kaffistova og late seg inspirera av byens kulturliv rett utanfor.
Når de bur her, har de Oslo tett på. Teatre, konsertscener og galleri ligg berre nokre minutts gange unna, og kvelden kan fyllast med alt frå scenekunst til levande musikk. Eller de kan berre la byen leia an og sjå kvar de endar.
Før de går ut, ventar ein 3-rettar middag i Kaffistova. Her serverast rettar med utgangspunkt i norske tradisjonar, i omgjevnader som har teke imot gjester i generasjonar. Etter ein kveld i byen er det godt å ha kort veg attende til eit rom der de kan landa og la inntrykkene søkka inn.
Neste morgon startar roleg med frukost, før de igjen kan bevega dykk ut i byen – eller bli litt til og nyta kjensla av å ha god tid midt i sentrum.
Pakken inkluderer:
⚜️ Overnatting i valt romtype
⚜️ 3-rettar middag i Kaffistova
⚜️ Frukost
Tidspunkt for middag vert avtalt direkte med hotellet.