Romantikk i hjartet av hovudstaden
Nokre stader kjennest som om dei har sett alt – og likevel får dei deg til å senke skuldrene. Hotell Bondeheimen er ein av dei.
har meir enn hundre års historie, og få hotell i Oslo kan vise til like mykje sjel og tradisjon. Her har bygdefolk, skodespelarar, forfattarar og gjester til byen møttest i gangane, kosa seg med den gode maten i Kaffistova og opplevd det pulserande kulturlivet i hovudstaden. Hotellet har òg vore vitne til fleire kjærleikshistorier – mellom anna møttest forfattarekteparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas her for første gong. Les meir om historia deira her.
Her bur de midt i Oslo, med høve til å utforske alt byen har å by på. Ta ein tur på teater eller konsert, besøk eit museum, eller rusle rundt og oppdag byen sine skjulte skattar. Etterpå kan de trekkje dykk tilbake, opne ei flaske bobler på rommet og nyte tida åleine saman.
Middagen blir servert i Kaffistova, der de kan la dykk freiste av ein trerettars middag i eit miljø som kombinerer historie med ei lun og heimleg stemning. Dagen startar med frukostbuffé før byen ventar på dykk igjen – eller de vel å bli litt lenger, i ro og fred, saman.
Romantisk opphold inkluderer:
💞 Overnatting i valfri romtype
💞 Champagne og sjokolade på rommet
💞 3-rettars middag i Kaffistova
💞 Frukostbuffet