Velkomen til hovudstaden


Hotell Bondeheimen gjev deg ein perfekt base for å oppleva alt Oslo har å by på. Med si sentrale plassering, berre eit steinkast frå Karl Johans gate, Slottet og Det Norske Teatret, har du butikkar, restaurantar og kulturelle attraksjonar rett utanfor døra. I gangavstand finn du òg Aker Brygge, Stortinget, Oslo Spektrum og mykje meir. Anten du er her for kultur, shopping eller sightseeing, er Bondeheimen det ideelle utgangspunktet.

Her har forfattarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun overnatta, og skodespelara frå teatera i nærområdet har funne seg til rette. Dei same gatene ventar på deg.